Forrigebok

Om Forrigebok

Forrigebok

Forrigebok er eit digitalt verktøy for bibliotekarar. Her kan dei skildre leseopplevingar og finne bøker som liknar på kvarandre.

Verktøyet gjer det mogleg for bibliotekarar å dele kunnskapen sin om bøker med kvarandre. Samstundes dannar data frå Forrigebok grunnlag for nye tenester og digitale formidlingsverktøy, til dømes nestebok.no.

Lesarsørvis

Forrigebok er basert på lesarsørvismetoden. Metoden gjer det enklare for bibliotekarar å hjelpe lånarar med å finne nye leseforslag. Det gjer dei mellom anna ved å lytte etter bestemte ord som lånaren brukar når hen skildrar tidlegare leseopplevingar. Desse orda er grupperte i sju appellfaktorar: Tempo, Karakter, Bakgrunnsramme, Handlingsgang, Tone, Språk og skrivestil og Illustrasjonar.

Vil du lære meir?

Forrigebok er utvikla av Biblioteksentralen. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om Forrigebok eller synspunkt på appellfaktorvokabularet.

Ope API

Du kan sjølv bruke data frå Forrigebok til å lage noko gøy! Les meir om API'et vårt her.

Gå til innlogging for å komme i gang
Gi tilbakemelding