Forrigebok

Personvern

Forrigebok er utvikla av Biblioteksentralen i samarbeid med biblioteka. I Biblioteksentralen gjer vi vårt beste for å beskytte personopplysingane dine, også når dei ikkje er av sensitiv art. Denne personvernerklæringa fortel om korleis vi samlar inn og brukar personopplysingar.

Om Biblioteksentralen

Biblioteksentralen SA er eit offentleg eigd samvirkeforetak som forhandlar og utviklar produkt og tenester til bibliotek, skular og andre offentlege institusjonar. Biblioteksentralen er lokalisert i Alf Bjerckes vei 20 i Oslo. Organisasjonsnummeret vårt er 910 568 183. Sjå også kontaktinformasjon nedst i erklæringa.

Behandlingsansvarleg

Biblioteksentralen, ved administrerande direktør, er behandlingsansvarleg for Biblioteksentralen si behandling av personopplysingar. Erklæringa inneheld opplysingar du har krav på når det samlast inn opplysingar frå nettstaden vår (personopplysingslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysingslova § 18 1. ledd).

Versjonar

Dette er versjon 1.0 av Forrigebok si personvernerklæring. Den blei publisert på forrigebok.no 10.06.2022.

Informasjonskapslar (cookies) og webstatistikk

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Biblioteksentralen brukar ikkje cookies til å generere statistikk. Vi kan dermed ikkje spore bruken din av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Registreringsskjemaet nyttar Plausible som analyseverktøy for å samle inn opplysingar om besøk og aktivitet. Plausible nyttar ikkje informasjonskapslar og all data om besøkande er anonymiserte.

Kva for personopplysingar blir samla inn via forrigebok.no, kvifor vi lagrar opplysingane og kor lenge vi lagrar dei

Forrigebok er Biblioteksentralens registreringsskjema for appellfaktorar for bibliotek. For å bruke skjemaet må du logge deg inn med brukarnamn (e-post) og passord. Innlogging krev at e-postadressa di høyrer til eit norsk folke- eller skulebibliotek, eller ein organisasjon som har inngått avtale med Biblioteksentralen.

Når du besøker forrigebok registrerer vi e-postadresse og namn på institusjonen du høyrer til. Opplysingane brukast til å:

  • Gi deg ei enklare brukaroppleving, som innlogga brukar får du til dømes ei oversikt over registreringane dine og over personopplysingane vi har lagra om deg.
  • Vedlikehalde eksisterande kundeforhold, til dømes sende deg e-post om større endringar i tenesta, kontaktinformasjonen vår, eller sende invitasjonar til relevante kundemøter/arrangement/brukarmøter.

Opplysingane blir lagra i Sanity sine datasenter innanfor EU. Kundeinformasjonen og eventuelle personopplysingar blir lagra til institusjonen/personen ber om å få opplysingane fjerna.

Registrerte appelltermar reknast ikkje som persondata. Desse er regulert av Åndsverkloven § 24, og vil gjerast tilgjengeleg for bibliotek under ein open lisens.

Kven andre enn oss har tilgang til personopplysingar vi samlar inn via forrigebok?

  • Sanity er databehandlar og leverandør av infrastrukturen registreringsskjemaet er bygt på.

Informasjonssikkerheit

Dine persondata er beskytta i eigna og sikra datasenter med tilgangskontroll.

Har du spørsmål til behandlinga vår av personopplysingar?

Alle som spør har rett på grunnleggande informasjon om behandlingar av personopplysingar i ei verksemd etter personopplysingslovens § 18, 1. ledd. Biblioteksentralen har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil vise til den ved eventuelle førespurnadar.

Dei som er registrerte i eit av Biblioteksentralen sine system har rett på innsyn i eigne opplysingar. Vedkomande har òg rett til å be om at feil, ufullstendige eller opplysningar biblioteket ikkje har tilgang til å behandle blir retta, sletta eller supplert.


Kontaktinformasjon

E-post: kundeservice@bibsent.no
Telefon: 22 08 39 00
Postadresse: Biblioteksentralen SA, Postboks 24, 0614 Oslo

Gå til innlogging for å komme i gang
Gi tilbakemelding